
Dagen etter at eg begynte på Universitetet igjen blei eg sjuk. Å sitte stille i parken litt for dårleg kledt og leike mimeleikar med faddergruppa var visst ingen god idé. Ikkje ser det ut til at eg blir frisk med det første heller for eg arbeider så og sei annakvør dag og eg rekk liksom ikkje bli frisk igjen iløpet av ein dag.
Men det fins heldigvis positive ting med å vera sjuk óg da. For eksempel har eg fått lest mykje i "Needful Things" av Stephen King (fantastisk flott bok - minner meg om Twin Peaks), og eg har fått komme lengre på Twilight Princess på Wii. Alt sammen med god samvittighet.
I går fekk eg beskjed av mamma om at eg har fått tilbud på ettroms leilighet oppe på Bjølsen, så nå driv eg å vurderar om eg skal flytte dit eller ikkje.
For:
-Eget kjøkken
-Billigare enn her på Anker
-Nærmare Universitetet
Imot:
-Lengre unna sentrum, arbeid osv.
-Kjøkkenet er bare ein liten del av stua (ettroms ikkjesant) så kor stor forskjell det utgjer frå opplegget eg har nå med hybelkomfyr på gulvet veit eg ikkje.
Ellers er er det sjavsagt mykje styr med å drive å flytte nå. Men eg skal ta meg ein tur opp dit i løpet av veka og spørre om eg kan få sjå på leiligheten. Må nesten stole på førsteinntrykket, for eg har budd på nok dårlege hyblar fra før av.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar