fredag 15. mai 2009

Øl og X-Men


Fekk lønninga mi pluss feriepengane i går så da var det på sin plass med lønningspils.
Hooka opp med Kim Kaizer i 5tida og drog på Rock In der dei har billig pils fram te klokka 21. Det skumle med Rock In er at sida lokalet ligg i ein kjeller så kan ein drikke midt på lysaste dagen uten å få dårleg samvittighet. Det kunne like gjerne vært midt på natta liksom.
Kim skulle møte ein kar frå et band og eg fekk i oppdrag å sei ifrå hvis eg såg ein kar med langt mørkt hår. Et kriterie som stort sett matchar dei fleste som er innom den puben :P
Ellers gjekk det i chit-chat om alt og ingenting (eg er glad eg kjenner folk som er like random'e som meg ^^) og litt ipod-dilling.

I 8-tida stakk Kim fordi han skulle gjere noko skikkeleg tøft og maskulint - I allefall ikkje sjå mgp! :D (I only watch it for teh lulz) - og eg reiste oppom til ein kamerat for å sjå litt film og fortsette pilsinga heime-stil. Fekk endeleg sett X-Men 1 og 2. Såg Origins:Wolverine for litt sida så teknisk sett har eg sett filmane i "rett" rekkefølge.
Forsåvidt gode filmar alle sammen men eg likte nr 1 bedre enn nr 2 fordi eg syns plottet var enklare å få tak i.

Wolverine by ~rod-n on deviantART

0 kommentarer: