lørdag 16. mai 2009

Lang dag på arbeid og tankar om morgodagen


Hadde jau blitt advart om at 16. mai er den "verste" dagen å jobbe i matbutikk. Like mykje stress som i jula bare uten julestemninga var det nokon som sammenligna det med. Var heldigvis ikkje så gale da. Me hadde fått inn ein haug av pakkehjelper og med åtte åpne kasser gjekk det rimelig radigt.:)

Jobba fra 13-21 og med to timars reise(gå)tid så har det vøre ein lang dag. Derfor har eg nå krabba opp i senga og er egentleg klar for å søva - dagen i morgo blir siste innspurt før ex-fac eksamen så då blir det tidleg opp og "datafri". Syttende mai blir neppe feira i og med at eg ikkje har noko forhold til det i Oslo. Forbinder det bare med grævleg mykje folk, grinete ungar og korpsmusikk som eg allerede har gått lei av sia dei i nabolaget dei siste dagane har kjørt øvelsar klokka ni om morgonen (ja, det er tidleg for meg :P) - så då står eg heller over.

0 kommentarer: