fredag 12. september 2008

The Bob Effect

Ok så TV2 har begynt å sende Twin Peaks igjen. Verdens beste serie. Men tidspunktet? 23:45! Serien har skylda for at eg fremdeles får frysningar når eg går forbi et speil seint på kvelden, redd for at hvis eg ser meg i speilet så får eg sjå Bob skule ut mot meg med det forferdeleg skumle gliset. Eller at han skal sitte på huk bak døra mi idet eg kjem inn på rommet. David Lynch har verkeleg peiling på kva som skal til for å skremme folk. Det trengs ikkje nokon fancy spesialeffektar eller teatersminke. Bob er ein vanleg litt rufsete fyr med langt hår, men allikevel set eg han over Freddy, Pinhead og Samara på skremselsskalaen.

Så Twin Peaks er genialt, men eg kjem nok ikkje til å sjå på det i kveld. Takke meg til DVD-boksen min på dagstid.


0 kommentarer: