torsdag 11. september 2008

Kaldare vèr ^^


Når eg våkna i dag tidleg var det ein ting som slo meg (bortsett fra det faktum at jorda ikkje gjekk under allikevel). Nemleg at det har blitt kaldt ute. Ingenting som er meir herleg enn å kose seg inne når det er kaldt ute. Tjukt skjerf, varm kakao, løddar på beina. Til og med pensum var greit å lesa idag.

Er uansett ikkje særleg i form til å gjera stort fysisk idag. Er heilt sinnsjukt støl etter å ha trent (ein halvtime!!) på exerto i går kveld. Seier litt om kor utrent eg faktisk er for tida. Skulle ned på butikken istad, heisen sto i 12etasje så halta meg nedover trappene. Fekk nokon snodige blikk fra vaktmesteren iallefall - damn knebøy..

0 kommentarer: