Ditcha dagens seminarer for å ha meir tid til å lese på leksene til neste uke - sånn at eg får meir tid til å skrive oppgava mi om Platon i ex-phil. Eg begynner nemlig å bli rimelig stressa for den oppgava. Sidan eg ikkje klarte det i fjor har eg bare ett forsøk igjen dersom eg ikkje skulle greie det denne gongen. Og sånne last chance opplegg taklar eg absolutt ikkje. Då er det bare å pakke snippsekken, seta meg på bussen heimover og søke jobb som søppelkjører eller noko i den duren. Ikkje at det er noko gale med å vere søppelkjøprer men .. vel..
Om eg nå er så stressa som eg påstår at eg er så burde eg vel teknisk sett ikkje bruke av den dyrebare tida mi på lesesalen til å skrive dette. Dog har eg allerede brukt ein del av den tida på å lese dagens Dagbladet. Shamelessly kun for å lese om Mia Gundersens heftige natt med Kjell Inge Røkke. Som atpåtil var skuffande greier og langt fra så hefitg som det blei framstil.
Ein annan ting som slår meg er kor mykje bråk det er på ein "stille" lesesal. Og nå som eg først har tenkt på det klarer eg ikkje la vere å legge merke til kvar minste blading av sider, spissing av blyantar, kremt og klikking av penn. Fucking fantastic!
Eg har fått meg ny pc da. Ein Asus EEE pc. Ein av dei bittesmå greiene. Valgte å ikkje følge straumen og kjøpe macbook. Men ifølge expert-reklama ("PCen aaaalle snakker om") så er vel denna mainstream også :)
Denne pcen har Linux, og som den Microsoft-vante jenta eg er så skjønner eg plutseleg mammas pc-skrekk mykje bedre. Eg er livredd for å trykke på noko feil og eg brukte faktisk ein time i går på å lese bruksanvisninga - ja nemlig!
Nei, får vel komme meg i gang med kapittelet om småbondesamfunn og hushaldsproblematikk.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar